søndag 30. august 2009

Jau, det finst dårleg vêr...


I dag skulle eigentleg dei to eldste og eg på fjelltur, men det regna så ufyseleg at vi ikkje såg oss syn med å trakke rundt i myr og mose. Alternativet var å gå ein stad der det var skogsveg, og då kom eg på at vi kunne gå til Movatnet (på Stigedalen). Nummer 2 ville heller sykle, så då gjorde vi det. Grusvegen går ikkje heilt inn til vatnet, og ingen av oss orka tanken på å gå stien vidare. Det regna samanhengande frå vi starta til vi kom nedatt, og eg likte kommentaren frå Nummer 2 då han kom inn i bilen: "Mamma, ej e tørre på knena".

4 kommentarer:

  1. Ja, det FINST dårleg ver, og det må vere lov å meine det også. Det verste for meg, er at tempen også vart lågare. No ventar vi Solveig og Øystein hit i 18-tida, og Olaug har begynt å pakke.

    SvarSlett
  2. Eg trur det har regna i eitt heile dagen - utan avbrot. Er der ikkje tomt snart?

    SvarSlett
  3. Viss det ikkje no snart sluttar å regne, kan vi seie takk og farvel til alle Althans og Victoriaplommene som ikkje er modne.Beundrer nr.2 for hans positive innstilling!

    SvarSlett
  4. Heldigvis hadde eg fyrt i omnane før vi for heimanfrå, så det var berre å dusje, få på seg tørre klede og kose seg inne i varmen resten av dagen!

    SvarSlett