lørdag 15. august 2009

Mamsen og Lillegutt dag 2, andre innlegg



Det begynte med at Minstemann for eit par år sidan vart så glad i songen om "Blåmann", og Gamla ikkje greidde å synge den utan å bli rørt av siste verset. Guten kravde forklaring på kva som eigentleg skjedde etter at songen var slutt, og historia om Frank, Blåmann, sauen Fårikål 5, chihuahuaen Brunen og den skyteglade mora Monica var i gang. Vanlegvis spinn historiene seg over kjende eventyr, og i det siste har Frank og Blåmann gått seg ville i skogen og kome til eit hus der det bur tre svenske gorillaer som har kokt seg tomatsuppe og gått seg ein tur medan suppa vert kald.

Ikkje noko stort mysterium kva guten hadde lyst på til middag i dag. Etter to dagar med pasta var Gamla lite lysten på å koke makaroni til suppa, men då hadde guten løysinga klar: "du kan no berre koke egg, og so kan du ha oppi en skvett fløyte". Fløyteskvettane her i huset plar vere rause, og suppa vart så god at Minstemann fekk i seg tre solide porsjonar. Han er ein skikkeleg suppegjøk.

Elles nyt han einsemda med store mengder laurdagsgodt som han ikkje treng dele med nokon - bortsett frå Gamla, som alltid kokar seg kaffi til barne-tv - "på vona".

4 kommentarer:

  1. Eg trur han må kome frå ein god familie, som foreslår egg og fløyteskvett, meiner eg.
    På Coop i Sverige hadde dei rimeleg, grov pasta (skruar og røyr m.m) i ânglamarkmerket. Det burde dei begynne med her!
    Dei har i alle fall ikkje på Prix.
    Då kan ein gje ungane meir pasta med godt samvit. Men det er no betre med egg då...

    SvarSlett
  2. Vanlegvis plar vi ha begge delar - både pasta og hardkkt egg. Og tomatsuppa plar eg tilsetje ein boks knuste tomatar og ein "skvett" fløyte når vi er fleire til bords.

    SvarSlett
  3. På Coop her har dei all slags pasta i fullkornsvariantar:skruar, makaroni, penne...you name it.Vi brukar lite slikt, men av og til unner vi oss å ete spaghetti med kjøttsaus, den grove varianten, sjølvsagt.
    Eg foreslår at Gamla set i gang å skrive barnebøker, ho får sikkert god hjelp av Minstemann, for det skortar visst ikkje på fantasien hos hokon av dei.

    SvarSlett
  4. Heller det enn kokebok, ja...

    SvarSlett