fredag 14. august 2009

Mamsen og Lillegutt


Familien er svært redusert denne helga, på grunn av korpstur og trebåtfestival, så Minstemann og eg skal ha kvalitetstid "aleine".

Kva bruker ein tida til, når ein får velje heilt fritt? Minstemann har leita fram filmar som han ser på sin eigen måte; han spolar fram og attende og ser berre dei mest dramatiske scenene. Han har mellom anna børsta støv av Indiana Jones-filmane (dei mest observante har kanskje fått med seg at hatten ikkje heng på han lenger, og at han har skifta roller i ferien). Gamla vaskar hus, i håp om at det blir sol og plenklipping i morgon.

Menyen skulle guten bestemme, og då vart det makaroni med ost og ketchup. Dersom nokon er bekymra for kosthaldet vårt, kan eg roe desse med at vi har gulrøter og frukt å supplere med til dessert.

2 kommentarer:

  1. Du kan fortelje Minstemann at morfar og eg også hadde pasta til middag i dag(grov spaghetti med kjøttsaus). Skal seie dokke kjem til å kose m dokke med å vere heime "åleine"!

    SvarSlett
  2. Dei som les I sin blogg, vil sjå at vi hadde pasta i går òg... No seier han at han vil ha Grandiosa i morgon - det blir visst lite stress med matlaginga i helga! Men visst kosar vi oss! Han er ein fredeleg fyr, for det meste.

    SvarSlett