mandag 10. august 2009

Pitt Pott Nøtt?


Kvart år, omtrent på denne tida, tek eg med ungane på ein handlerunde før skulestart. Det er så mangt ein treng, og det er greitt med noko nytt for å markere overgangen til kvardag. Vi har kjøpt brede, matboksar, klede, permar og diverse. Då eg spurde Minstemann om han trengde tusjar, svara han "neeeeei, men legoen min e litt kjedelig, so ej trur ej trenge litt ny..."

Dei tre yngste skal gå på same skule, og vi kjøpte nye "første-skuledag-klede" til dei med ein plan om at dei skulle stå litt i stil. Gamla har nemleg ein pussig fiks idé om at ungane skal stå i stil til kvarandre. Eldstejenta nektar sjølvsagt å vere med på notane, men Gubben vart litt misunneleg på buksa til Nummer 2 (heilt til venstre - kleda er sorterte etter alder på borna). Eg trur forresten han hadde ei liknande på 80-talet...

9 kommentarer:

  1. Eg beundrar effektiviteten! Eg føler vi har shoppa i heile sommar, og var ikkje i shoppemodus i dag. Det vart med litt mat på Mega. No har vi ete coop-kjøtbollar."Er dei ekte?" var spørsmålet. Det var dei visst ikkje når dei var kjøpte. No kokar eg saft og sylte. Det har sine fordelar å ha full frysar.

    SvarSlett
  2. Fine kle, gløymte eg å skrive, men eg sa det vel!?

    SvarSlett
  3. Ja, du var no delvis med og overvar seansen...

    SvarSlett
  4. Ja, det er ikkje vanskelig å kle opp ungar i dag i høve til korleis det var for ein generasjon sidan. Då var utvalet dårlig og prisane høge samanlikna med i dag. Problemet i dag er vel heller sjølve valet-å finne noko ein er nøgd med.( Dette gjeld sjølvsagt for vaksene også.) Kjekt å kle opp ungane til skulestart!

    SvarSlett
  5. Eg er redd det ikkje var gjort med dette. Men vi er i gang!

    SvarSlett
  6. Skor er eit anna prosjekt. No håper eg at alle føter her i huset er utvaksne. Det er fotball, grus og gras, eller kunstgras, innesko, joggesko og noko å gå i på skule til anne mann.......

    SvarSlett
  7. For ikkje å snakke om støvlar, fjellskor og cherroxar... Her i huset er det tre i same str, og det forenklar litt. Må til å leite fram ballettutstyr og slik òg - håpar det frå i vår passar enno.

    SvarSlett
  8. Du veit eg har anbefalt knaggrekker og eit nett til kvar aktivitet. Så slepp ein "Hvor er buksa mi, ...." i siste liten.

    SvarSlett
  9. Ja, det er eit tips eg skal ta med meg no når kvardagen begynner igjen.

    SvarSlett