søndag 23. august 2009

TURsøndag i Sandviksdalen










Volda kommune arrangerer for femte år på rad noko dei kallar "ti TURmål". Dette er ti planlagde turar som vert arrangerte i lokalmiljøet. Kjentfolk er med som guidar, og det er gratis og uforpliktande å vere med. Deltakarane registrerer seg ved å skrive namnet sitt i ei bok, og det vert trekt ut vinnarar på slutten av sesongen.

No var det ikkje akkurat håpet om premiering som motiverte meg til å drage med dei tre yngste på tur i dag, men eg har lenge hatt lyst til å gå på ein slik arrangert tur. Det er ein fin og sosial måte å oppdage nye stader på. Og når TURmålet var såpass lokalt, var det ekstra freistande.

Vi kjørte til Bjørkedalen, tok av oppover mot skytebanen, men svinga til høgre ved oppgangssaga. Deretter kjørte vi eit stykke på ein bomveg før vi parkerte ved ei bru. Sjølve gåturen var litt bratt midt i, men elles ein lett og fin tur på om lag ein time. Ved vatnet sat vi samla og rasta - ungane fann mange kompisar og hadde det kjekt. Eg høyrde ein mann seie at det var over 80 namn oppskrivne i boka i dag, og det må no vere bra. I alle fall for dei som eig bomvegen.

6 kommentarer:

  1. Det er no ein fin måte å oppdage nye turmål på, noko som de har vore flinke til sjølve i sommar..
    Men det kan no vere kjekt å gå i flokk innimellom.

    SvarSlett
  2. Det var veldig kjekt med såpass mykje kjentfolk på turen, men ofte går ein tur nettopp for å få fred og la tankane flyge..

    SvarSlett
  3. Det er fint å komme seg ut på tur uansett. Somme gonger åleine, andre gonger i lag med andre.

    SvarSlett
  4. Ja, alt ettersom kva dagsform og modus ein er i. Det gav i alle fall meirsmak for ungane å gå saman med kompisar, og nummer 2 sprang frå oss og nådde målet lenge før oss. Litt synd at han hadde med ekstrakleda og nista i sekken sin...

    SvarSlett
  5. Nr 2 her i huset forserte Bukketrappene framfor meg så eg slapp å sjå på.....

    SvarSlett
  6. Må ikkje nemne dei Bukketrappene i nærleiken av meg - hugsar elevane mine sa "flaut for oss at me he en so pinglete lærar"...

    SvarSlett