tirsdag 25. august 2009

We'll meet again some sunny day






Eigentleg skulle Gubben til Trondheim i dag og i morgon, og eg hadde lagt planar om henting av Minstemann, ferjetur og besøk for dei to mellomste. Då Gubben likevel vart i heimbygda og såleis tok seg av Minstemann, var det ille å snyte resten av gjengen for ein "bytur". Eldstejenta og eg møtte derfor Nummer 2 og 3 på ferja, og så gjekk vi på kinarestaurant før vi drog til Ørsta på shopping og bibliotekbesøk (mitt andre i dag; eg har lånt seks García Márquez-bøker...) . Nummer 3 hadde sin første time i klassisk ballett denne sesongen.

Etter balletten kjørte vi Eldstejenta "heim", der vi såg barne-tv og la på nye putetrekk i sofaen. Det er lilla som er den gjeldande fargen, viss nokon skulle lure på det.

Det var ei veke sidan jentene hadde sett kvarandre, og eg ser fram til å ha heile gjengen samla til helga.

3 kommentarer:

  1. No har de to "heimar" der de kan møtast.Men vi er litt skuffa over at de ikkje kom oppom ein tur.De kunne fått nokre glas med plommesylte om ikkje anna.De rekk vel ikkje over alt?

    SvarSlett
  2. Fullt program i dag - som vanleg. Vi rekk ikkje over alt, men vi prøver!

    SvarSlett
  3. De får sjå oppom ein annan gong, ve er her som regel.
    Eg skal til Rune klokka 15.15 på torsdag. Kanskje vi fer på Landskape då????

    SvarSlett