lørdag 2. august 2014

Bok 64 2014: "Det annet kinn" av Jan Mehlum

Ei rekkje personar forsvinn sporlaust, utan at det umiddelbart ser ut til å vere nokon samanheng mellom forsvinningane. Svend Foyn etterforskar saka, med hunden Hulda delvis på slep.

Boka er god, om ikkje så god som dei nyare Svend Foyn-bøkene eg har lese. Opplesinga er litt monoton til tider, men elles er opplesaren god til mellom anna å herme etter dialektar.

Irriterande nok var der eit lite poeng mot slutten som eg ikkje skjøna heilt, så nokon komplett katarsis kjenner eg ikkje.

1 kommentar:

  1. Eg veit at eg har lese denne boka, men ærlig talt så går eg ikkje rundt og hugsar lettbeinte krimromanar i åresvis. Eg likar å høyre bøkene-underhaldning der og då.

    SvarSlett