onsdag 6. august 2014

Bok 66 2014: "Det ingen vet" av Jan Mehlum

Denne romanen av Mehlum er skriven på ein litt annleis måte enn dei andre eg har lese, då ein i tillegg til å lese frå Svend Foyns synsvinkel også får to andre synsvinklar å følgje med i. dette er ingen uvanleg måte å komponere ein roman på, og eg må seie det løftar spenningsnivået ein heil del. Sjølve saka i boka er at ein får kjennskap til at fleire einslege, overvektige mødrer tek livet av seg, og spørsmålet blir då om det er sjølvmord, eller om det ligg noko kriminelt bak.

Eg likte denne boka betre enn dei to førre bøkene eg las av same forfattar, men slutten vart noko langdryg, noko eg påfallande ofte synest om kriminalromanar.

4 kommentarer:

  1. Eg hugsar ikkje innhaldet i denne boka, det eg hugsar er at eg likte den godt.Kjekt at du er av same meining. Så mykje krim som eg les, kan eg gå rundt og hugse alle brotsverka. Krim får vere "her og no" for meg.

    SvarSlett
  2. Det er nesten så ein får lyst å lese dei om att!

    SvarSlett
  3. Ser at eg har gjort ein alvorleg feil "......kan eg IKKJE gå rundt og hugse....." skal det vere.

    SvarSlett
  4. Eg gløymer òg veldig fort. Det finst mange middels gode kriminalromanar.

    SvarSlett