søndag 3. august 2014

Slitsam søndag

Som vanleg starta eg dagen med ein tur med hunden etter frukost. Det tek si tid å gå tur når ein skal snuse på humler og helse på turistar, men han har i alle fall begynt å gå sjølv heile vegen, noko han ikkje gjorde dei første vekene. På heimveg møtte vi Veslejenta, som tok med seg hunden i ballbingen saman med venninna og hennar hund. Dei var der lenge og leika med hundane, og til slutt gjekk dei ein liten tur med dei.

Charlie er sliten no, og det blir neppe nokon kveldstur på Gamla.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar