fredag 8. august 2014

Bok 67 2014: "Turen med Charley" av John Steinbeck

Då eg tidlegare i sommar skaffa meg hund og kalla han "Charlie", fekk eg spørsmål om eg var inspirert av John Steinbeck. Inntil då hadde eg aldri høyrt om den boka eg no har lese, men eg vart nysgjerrig og skaffa meg eit eksemplar.

Denne sjølvbiografiske boka handlar om at forfattaren er sjuk, og at han tek med seg hunden Charley på ei reise i ein slags bubil rundt i USA. Året er 1960, og han fortel om menneske han møter på turen, samtidig som han òg reflekterer ein del rundt aktuelle problemstillingar i det amerikanske samfunnet. Som vanleg greier John Steinbeck gong på gong å fortelje ei lang historie ved å kome med ein liten anekdote, som til dømes når han møter ein far og ein son i Midtvesten som er i djup konflikt fordi sonen vil ta utdanning og bli frisør, medan faren synest det er ein svært dårleg idé. Vi får òg høyre om korleis hunden vert sjuk, og kva dyrlegebehandling han får. Boka er lett å lese, men der ligg mykje djupare meining under. Til dømes får Steinbeck sagt mykje om rasekonfliktane i Sørstatane.

Eg synest boka var svært interessant, men angrar på at eg ikkje skaffa meg eit engelsk eksemplar. Boka er nemleg omsett til eit slags riksmål, og nokre ord er dårleg omsette. Til dømes er "waitress" omsett til "oppvarterske", og "assimilation" til "absorbering". Riksmålsord som "leber" og "rumfart" verkar litt komiske for meg.

Sidan eg er ei nysgjerrig sjel, måtte eg "google" omsetjaren, Nils Lie. Det viser seg at han er brorson av forfattaren Jonas Lie, og dermed i familie med sonesonen til Jonas Lie, Jonas Lie den yngre. Medan den tre år eldre slektningen vart ein berykta nazist under andre verdskrig, var Nils Lie presseoffiser for den norske marinen i London. Han hadde vore forfattar før krigen, men etter krigen arbeidde han som redaktør, omsetjar og litteraturkonsulent. Han mottok prisar for omsetjingsarbeidet sitt, så det er kanskje eg som er unødvendig irritabel og pirkete.

2 kommentarer:

  1. Omsetjinga var kanskje i tråd med tida?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var den heilt sikkert. Dersom eg hadde lese romanen på engelsk, ville eg neppe reagert om engelsken var litt gamalmodig.

      Slett