lørdag 9. august 2014

Hundegard byggetrinn 2

Den påbegynte gravinga vart i dag ferdigstilt. Det er ikkje så lett å planere mold heilt flatt, men det vart toleleg bra. Oppå molda la vi plastduk, for å forhindre at det veks for mykje gras og ugras, og så la vi heller som vi hadde kjøpt på sal på Plantasjen. Det var kanskje årets bomkjøp - vi burde ha anten venta på dei rådyre flakane som måtte bestillast - eller bygd ein platting sjølve. Det er lett å vere etterpåkloke, men vi er i alle fall samde. Hunden kjem truleg til å krafse sund og gnage på det han får tak i uansett.

Skjelettet til hundegarden har kome på plass, så no står det att å spjelke litt på stengene (vi fekk hundegarden rekordbilleg, men den har nokre feil) og strekke på netting. I tillegg følgde der med netting og presenning til taket.

Hunden hjelpte til med krafsing i mold og biting i plastduk, og no er han frykteleg sliten og trøytt. Hagearbeid er noko av det kjekkaste han veit!
Planering pågår

Plastduk. Charlie likte den.

Flisene var verre å legge enn dei såg ut til, og koplemekanismen var irriterande.

Så langt kom vi i dag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar