onsdag 13. august 2014

Bok 70 2014: "Mormor hilser og sier unnskyld" av Fredrik Backman

Den førre boka eg las av same forfattar, "En mann ved navn Ove", har hatt ein enorm suksess. Eg likte godt den lune humoren og skrivestilen, og det var derfor med ei viss positiv forventning eg begynte på "Mormor hilser og sier unnskyld".

Boka handlar om Elsa, snart 8, som kort fortalt deler ut brev til menneske som den avdøde mormora meiner å ha behandla dårleg medan ho levde. Forfattaren portretterer ei veslevaksen jente som blir plaga på skulen, og hennar unike og tette forhold til ei mormor som er alt anna enn A4, både i oppførsel og språkbruk.

Eg likte boka svært godt. Den viser at det å vere annleis kan ha si gode forklaring, og at kjærleik kan vere så mangt her i livet. Språkleg sett er skriven frå den veslevaksne jenta sin synsvinkel, men Backman overdriv så det ikkje akkurat er realistisk. Dette gjer boka betre, etter mitt syn. Konklusjonen min er at dette er godt lesestoff til kos og ettertanke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar