lørdag 9. august 2014

Bok 69 2014: "Lever" av Emma Martinovic

Då eg for eit par dagar sidan sat og såg på den nye norskboka vi skal bruke framover, såg eg at der var eit utdrag frå bloggen til Emma Martinovic. Ho er ei av dei overlevande frå Utøya 22. juli 2011, og i tillegg ei venninne av Eldstejenta. Eigentleg har eg styrt unna bøker som omhandlar tragedien, for dei mange dokumentarprogramma og nyheitssendingane frå Utøya gjekk sterkt inn på meg, men eg bestemte meg for å bestille boka "Lever" på internett. Den er basert på bloggen til Emma, som framleis ligg på nett.

I dag kom den i posten, og eg tenkte eg skulle prøve å lese litt av den, i alle fall. Eg enda opp med å lese heile boka i eitt, utan pause. Emma startar med å fortelje om kva ho har opplevd, deretter fortel ho meir om kva ho følte undervegs i tragedien. I tillegg fortel ho om korleis dagane hennar kjennest utover hausten 2011, og ikkje minst kva ho tenkjer på.

Det vart nokre tårer medan eg las, men eg sit framfor alt att med ei kjensle av takksemd for at ho orka å dele tankane sine med lesarane. Vi kan aldri forstå heilt korleis det var å oppleve Utøyatragedien, heldigvis, men ein har aldri vondt av å leve seg inn i korleis andre menneske tenkjer og føler.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar