søndag 10. august 2014

Hundegard byggetrinn 3

I dag beisa eg hundehuset eit strøk, for det verka som om det ikkje var eit særleg tjukt lag med beis på det frå før.

I kveldinga strekte vi på nettingen på veggane i hundegarden, og så festa vi den med dei klipsa som følgde med. Seinare skal vi sikre veggane betre mot små hundar som kan krafse seg veg ut, og så følgjer det med eit nett som skal spennast over som tak. Ein ettermiddag til no, så er prosjektet ferdig. Trur eg.

5 kommentarer:

  1. Det ser triveleg ur for hunden!

    SvarSlett
  2. Lasso skal leigast inn som barnevakt, så ikkje Charlie blir einsam.

    SvarSlett
  3. Det ser no fint ut-kjekt at han får så bra plass. Du kunne no like godt kjøpt to hundar så hadde dei hatt selskap, t.d. ein bror?

    SvarSlett
  4. Eg har vore inne på tanken, men journalisten berre fnys og kallar Charlie ei rotte.

    SvarSlett
  5. Det passar no bra å bygge hundegard i hundedagane ! HA HA
    (Det teitaste eg veit er at folk skriv HA HA etter at dei har skrive noko som dei synest er morsomt. Trur dei ikkje folk forstår vitsen, eller?)

    SvarSlett