søndag 17. august 2014

Hundegard byggetrinn 3

Søndag sløva vi vekk halve føremiddagen, men så sette store og små i gang med ferdigstilling av hundegarden. Sidan Lasso er leigd inn som barnepike eit par dagar, måtte vi lage eit provisorisk overbygg der ho kunne få ligge. Elles forsterka vi festa av nettingen og strekte over ein netting til tak. Vidare laga vi til isolasjon og teppe i hundehuset til Charlie.

Hundane fekk øve seg på å vere aleine då vi reiste til Åmdalen for å hente bilen min, som var på antirustbehandling. Etterpå åt ungane og eg middag på Maria's i Volda, der dei har bygdas beste pizza og service. Eg hadde ikkje fått handla inn så mykje mat at eg hadde noko å lage søndagsmiddag av, og Maria lagar betre pizza enn eg nokon gong kjem til å gjere.

I dag er det siste feriedagen for ungane, og kvardagen tek til for fullt. Vi planlegg speletimar, dansetimar og fotballtreningar, i tillegg til at Charlie skal gå litt på skule i haust han òg. Eg gruar meg mest til å stå opp tidleg og haste av garde på jobb, spesielt når det minkar på dagslyset.

Lukke til med skulestart!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar