torsdag 21. august 2014

Bok 71 2014: "Alfabethuset" av Jussi Adler-Olsen

Eg plukka med meg boka fordi eg er stor fan av forfattaren, men las først etterpå at dette var debutboka, og at den ikkje handlar om Avdeling Q. Vaskelappen såg likevel såpass interessant ut at eg bestemte meg for å lese den.

To britiske flygarar vert skotne ned over Tyskland under andre verdskrig. Der stel dei kleda og identiteten til to døde tyske offiserar, men må i tillegg spele sinnssjuke for ikkje å bli oppdaga. Dei hamnar på ein institusjon for sinnssjuke, og etter kvart viser det seg at der er fleire som simulerer. Spenninga ligg i om dei blir oppdaga, og korleis dette får følgjer for ettertida.

Boka var veldig spennande i byrjinga, men som så mange andre kriminalromanar flatar den ut undervegs og vert noko langdryg. Det var i alle fall mi oppleving av boka. Mot slutten tek spenninga seg opp, men eg vil likevel seie at forfattaren ikkje innfrir når det gjeld sjangerforventningar. Boka handlar om så mykje meir enn krig og kriminalitet at sjølve spenninga ikkje heilt kjem i fokus. Etter mitt syn skal kriminalbøker ideelt sett vere slik komponert at spenninga held seg gjennom heile teksten, og mot slutten skal ein ikkje ønske å leggje den frå seg fordi ein er så spent på å sjå korleis det går. Slik var det ikkje med denne boka.

1 kommentar:

  1. No går eg ikkje rundt og "hugsar" alle krimbøkene eg les, men eg slo opp på bloggen min, og fann ut at eg er nokså samd i det du skriv.

    SvarSlett