lørdag 9. august 2014

Bok 68 2014: "Madrugada" av Jan Mehlum

I denne boka blir Svend Foyn kjend med ei iransk kvinne som er asylsøkjar. Han bestemmer seg for å hjelpe henne, men så forsvinn ho sporlaust. Foyn fattar sjølvsagt interesse for forsvinninga, og snart er han i full gang med å etterforske. Han må mellom anna reise til Teheran for å finne ut meir om den mystiske Jasmina.

Eg likte boka svært godt i byrjinga, men den flata noko ut undervegs. Spesielt hadde eg forventa meir interessante skildringar av Teheran og det iranske miljøet, når ein først bringer det på bane som tema.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar