torsdag 7. august 2014

Sentimental på skogsvegen

Den sommaren vi flytta til Bjørnaset, vart det ein vane for meg å gå tur med ungane i skogsvegen, så dei ikkje skulle gå i vegen for arbeidskarane. Etter kvart var vi litt av eit følgje som gjekk tur: Gamla med Veslejenta i vogn, Eldstejenta på 7 sykla eller gjekk ved sidan av vogna, hundekvelpen var i band, Storegut sykla på trehjulssykkel eller stod på brett på vogna og dei to kattane følgde etter. Sidan eg ikkje var lokalkjend, kunne eg ingen stadnamn i området. Vi laga dermed våre eigne stadnamn, og hadde faste aktivitetar langs ruta.

I dag gjekk eg tur med Charlie i skogsvegen, og så tenkte eg at eg skulle ta bilete av dei gamle stadane som vi oppsøkte fleire gonger i veka dei åra eg budde på Bjørnaset. Det er litt vemodig at småbarnstida er over, men det har òg skjedd mykje godt og gledeleg sidan den gong. "Ei tid var, og ei anna blei".
Utsikt mot Kilsfjorden og Voldsfjorden

"Helgesvingen", der det brukte å stå eit rasteplassbord som Ola-Olden hadde laga. Der var flott utsikt, men den forsvinn snart på grunn av skog

"Sinsenkrysset", der det går ein avstikkar inn mot Geildalen

"Trollskogen" - der ein kan gå langs den gamle stien dei brukte før skogsvegen var bygd. I denne skogen leika vi gøyme-og-leite med hundane.

"Trollskogen" sett nedanfrå

"Blåbærfjellet" (ingen blåbær der no)

"Demningen" - ei lita elv der hundane fann seg vatn og vi ein gong demde opp og testa ut ein kvernkall

Treet der kattane gjerne vart att til neste dag i den tida dei følgde etter oss

Berget der ungane teikna "helleristningar" med asfaltkrit

"Sabeltannhaugen" - der det var ein sanddunge som Storegut pla herje i

Steinen der Storegut og eg pla knekke nøtter med ein stein

Steinen der dei to eldste pla kakke laust kråkesølv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar