mandag 18. august 2014

Skulestart 2014

Etter ei veke med planleggingsdagar for mor og ferie for born var det i dag tid for å stå opp tidleg og kome seg av garde alle saman. Veslejenta begynner no i niande, som er eit aktivt år med konfirmasjonsførebuing og innsamling av pengar til neste års skuletur. Minstemann er ikkje liten lenger han heller, men begynner no i sjette klasse. Han drakk ein kopp kaffi til frukost, så slik sett er han på full fart inn i vaksenverda. Storegut skal gå VG2 musikk, så han for til hybelen søndag kveld.

Vi har snakka mykje om gode lekse- og søvnvanar i heimen siste tida, og så har vi diskutert korleis vi skal ordne oss reint praktisk med fritidsaktivitetar og hundepass. Det er store omveltingar etter ein lang sommar, men vi startar året med friskt mot og høge forventningar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar