mandag 25. august 2014

Bok 74 2014: "Dagdrivergjengen" av John Steinbeck

Denne boka har eg lese ein gong før, kanskje to. Det er godt mogleg å lese gode bøker fleire gonger, og no har eg hatt veldig sansen for Steinbeck ei stund. Det er noko med karakterskildringane hans som gjer bøkene så gripande, samtidig som det i denne boka er ispedd bøttevis med humor.

Sju menn deler eit hus, der livet for det meste går ut på å drikke vin eller å skaffe mat og vin utan å anstrenge seg for kraftig. Elendet dei lever i vert skildra på ein herleg humoristisk måte, som då dei betaler kjøpmannen for varene ved å gi han gjenstandar som dei seinare stel attende. Likevel viser dei ei høg grad av moral, som då dei ikkje stel pengane som "Piraten" skulle bruke på eit takkoffer han hadde lova skytshelgenen sin dersom hunden ikkje døydde av sjukdom (den vart kort tid etterpå påkøyrd, men lovnaden skulle Piraten halde uansett). Boka er meir morosam og underhaldande enn "Om mus og menn", men den liknar ein del i skrivestilen. Absolutt verd å lese!

1 kommentar:

  1. Eg har papirutgåva både av denne og Alle tiders torsdag, meiner den var i samme gate. Kanskje samme gjengen? Eg hugsar ikkje. Til og med bror din las desse bøkene hugsar eg.

    SvarSlett