søndag 31. august 2014

Bok 75 2014: "Inferno" av Dan Brown

Med høge forventningar tok eg fatt på denne romanen av Dan Brown. Eg hugsar enno korleis eg ikkje klarte å legge frå meg "Da Vinci-koden" i si tid, og dei andre bøkene hans har eg òg likt godt. "Inferno" traff meg ikkje heilt, må eg innrømme, anten det no var boka eller lesaren det var noko gale med.

Boka omhandlar trugsmålet om spreiing av eit virus, og også denne gongen er det Robert Langdon som er den store helten. Han vaknar opp på sjukehus med hukommelsestap i byrjinga av boka, og akkurat den delen er ganske spennande. Han møter dessutan ei intelligent, vakker blondine som han samarbeider med, men forholdet mellom dei vert ikkje særleg inngåande skildra.

Det eg likte best med boka, var referansane til kunst og litteratur. Elles syntest eg innhaldet var noko "søkt" og lite engasjerande, men heilt ok underhaldning.

2 kommentarer:

  1. Eg måtte sjekke på bloggen min, og fann då ut at eg meinte om lag det samme som du.

    SvarSlett
  2. Og eg se at han ikkje er førstevalet mitt, men ...
    Den har noko ved seg.

    SvarSlett