søndag 31. august 2014

Haustfornying i heimen

Etter at eg tok ut golvteppa frå stova, på grunn av hunden, vart det litt kaldsleg med det drivkvite og turkise i interiøret. Eg fann derfor ut at vi måtte ha lunare fargar i haust. Dei svarte voksdukane hadde vi liggande frå i fjor haust, og eg leita dessutan fram att dei rosa putene og den koselege Ekelund-løparen til salongbordet. Vi hadde dessutan eit par "pels"-pledd liggande. Nye innkjøp var identiske gardiner til stove og kjøken, og dessutan eit par putetrekk i brun fuskepels. Eg skal prøve å finne tak i oransje duftlys og nokre fleire fargeklattar i haustfargar, men førebels er eg nøgd med å ha fått stroke og hengt opp gardinene. Det var litt av ein jobb, men eg hadde god underhaldning i ei lydbok.


5 kommentarer:

  1. Kjekt med fornying! Eg kjem sjeldan lengre enn til dukar og serviettar ...

    SvarSlett
  2. Elles får eg seie som på facebook: fine gardiner!

    SvarSlett
  3. Takk! Det var eit nettkjøp, på impuls. Medan eg stod og strauk dei nye gardinene, kom eg på at det berre er tre månader til julegardinene skal opp.

    SvarSlett
  4. Du er "heldig" som kan få ny stove så lett. Eg har planar om fornyingar her også, men eg må visst på nettet. Er det Jotex du brukar?

    SvarSlett