søndag 17. mai 2009

Gratulerer med nasjonaldagen!
























































Her i heimen har vi eit "bursdagsbarn" i dag òg: hunden Bau er tre år på sjølvaste nasjonaldagen! Eg trur han må vere blant dei snillaste hundane i verda, men særleg smart er han ikkje. Når han blir børsta og presentert, er han dessutan svært vakker! Eldstejenta har hatt hovudansvaret for å drive med utstillingstrening med han. I fjor vart han 4. beste i rasen i Danmark etter ein kort turné, han vart norsk utstillingschampion (sjå tidlegare blogginnlegg) og låg bra langt oppe på lista for mestvinnande bearded colliar i Noreg. Faren hans vart best i rasen på Crufts tidlegare i år, men sjølv har ikkje Bau vore i utstillingsringen i 2009.

Bileta er frå det første året hans - det første er frå eittårsdagen 17. mai 2007.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar