fredag 22. mai 2009

Feiring av Nummer 3



























Ei heil veke for tidleg fann vi ut at vi skulle feire Store-veslejenta, og nok ein gong lurte vi vêrgudane såpass at det tidlegare varsla regnet heldt seg langt unna.

Kva ønskjer så ein niåring seg til bursdagen?

"Shopping", var svaret. Og shopping blei det. Gamla og dottera handla store posar med klede til "jubilanten", og så kjøpte vi inn diverse til selskapet òg. Gubben var heime og baka og laga til selskapsmaten.

Vi grilla ikkje ute i år, men vi dekte på på uteplassen til alle seksten som var her. På menyen stod pizzabaguettar, pølser/brød, muffins, sjokoladekake, gelé, jordbærblautkake, is og sjølvsagt snacks og brus i store mengder. Restane går sikkert med når Nummer 2 skal ha bandet på overnatting i campingvogna i natt.

2 kommentarer:

  1. De var heldige med veret!
    Olaug har også lyst til å feire med venninnene først best. Vi får sjå. I går var ho i selskap på Hareid Hotell med 40 gjester. Eg synest det utartar.
    I dag er ho på overnatting i telt-besøk.

    SvarSlett
  2. Her har det vore overskya, regn og skodde i dag, men no vonar vi at morgondagen blir fin slik at vi kan få prøve grillen.

    SvarSlett