søndag 24. mai 2009

Remacup





Som avslutning på ei relativt hektisk ranglehelg var det i dag fotball frå tidleg morgon til ut på kvelden for dei to eldste. Gubben reiste etter kvart til Volda han òg, der han etter ei stund vart plassert i grillområdet for å lage mat. Eldstejenta sitt lag tapte finalen mot resten av jentelaget (93/94-jentene var delt i to lag) medan laget til Nummer 2 tapte rubbel og bit. Dei slit mellom anna med at dei går for å vere eit 95-lag, sjølv om Nummer 2 og kompisane er fødde i 97. Bileta viser våre håpefulle i full aksjon på banen, i tillegg til eit lagbilete av alle Voldajentene.

Det siste biletet er teke i Brundalen, der eg gjekk tur etter at dei andre kom heim. Småungane og eg har hatt ein fredeleg dag med mykje roleg leik og lite effektiv jobbing.

2 kommentarer:

  1. Her går det mest i eksamen for tida. A var oppe fredag, og skal opp måndag og onsdag. Tysdag er E sin eksamensdag. Mykje fotball betyr mykje jobbing for han. Han veit i alle fall kva han går til om han vert sportjournalist. Det er helgejobb!
    Elle er det vel knapt heile veker att på jobb. Onsdag er tentamen for 9.

    SvarSlett
  2. Det ser i alle fall ikkje ut til å vere noko i vegen med innsatsen til nokon av dei.Litt finare ver her aust enn heime, ser eg, men det skya til her også utover dagen.

    SvarSlett