søndag 17. mai 2009

Bok 30 2009: "Våre venner kinesarane" av Are Kalvø


"Det er forfattaren sjølv som les" - noko som gjer lydboka til ei stor oppleving for oss som set pris på å få høyre den noko monotone stemma som gjer humoren enda meir morosam. Eg har snøfta og hiksta av fryd etter vegane, og har vore glad eg har vore langt frå folk.

Den ytre handlinga i boka er eit prosjekt som forfattaren sette seg føre: å ete på kinarestaurantar i alle norske kommunar som har kinarestaurantar. Dette er i seg sjølv artig nok, men for meg er minna om mediekvardagen og mattradisjonane i oppveksten mykje meir interessant. Kanskje er det fordi forfattaren er fødd i ei sunnmørsbygd i 1969, og at han såleis har ein del til felles med meg (ok, eg vart fødd året før, men likevel). Og så har han ein inspirerande, kåserande skrivestil der han stadig vender attende til tidlegare poeng - særleg blodpuddingen får gjennomgå.

Are Kalvø plar ikkje alltid slå an blant elevar, men eg synest han er ustyrteleg morosam og anbefaler såleis boka på det varmaste.

5 kommentarer:

  1. Eg har ikkje lese/høyrt boka, berre utdrag på TV.Sjølve prosjektet var morsomt, og eg kunne godt tenkt meg å vore med på noko liknande.Men så meiner eg at han la ganske mykje på seg under eksperimentet? Eg har SYDEN av samme forfattar på lydbok. Morsom-men helst i korte sekvensar.

    SvarSlett
  2. Vi har boka. Eg prøvde for nokre år sidan å spele "Syden" til elevane, men då vart eg sittande åleine å le.

    SvarSlett
  3. Den ironiske/sakastiske stilen krev kanskje eit visst modningsnivå hos lesarane? Hugsar godt at 7.klassingane"mine" beskylda meg for å ha dårleg humor! Eg kunne kanskje sagt det same om deira humoristiske sans.
    Det er ikkje alt som er like morsomt for alle, for å seie det på ein pen måte.

    SvarSlett
  4. Mine tidlegare elevar har av og til sagt at Kalvø les på ein "kjedeleg" måte, medan eg synest den monotone stilen er morosam. Det same gjeld Erlend Loe, forresten.

    SvarSlett
  5. Og du kan legge til Ragnar Hovland. Men det krev nok at ein har ein del erfaringar og bygge på. Vi får vel heilt andre assosiasjonar enn dei.
    Døme kan vere kva som er mest by av Fosnavågen, Ulsteinvik og Hareid.

    SvarSlett