fredag 1. mai 2009

May Day




Det er mange år sidan eg feira 1. mai, og innimellom er det faktisk eit sakn. I dag har eg berre nytta dagen til vanlege gjeremål; det har gått mest i turgåing, soling, klesvask, sykling og skulearbeid.

Dei tre eldste har vore mykje ute av reiret i dag. Minstemann har aldri vore særleg mykje aleine utan søsken i heimen, og han var noko molefonken ei stund på grunn av at han lenge var einaste kylling i reiret. Då hjalp det veldig at Naboen tok han med på tur i firhjuling... Gubben kjørte litt traktor med han, og eg tok han med på sykkeltur (i tilhengar). På den turen hadde vi ein djup samtale om kva eit sertifikat er. Det er ikkje så lett å forstå at når ein lærer seg å sykle, så får ein sykle kvar ein vil, medan når ein lærer å kjøre traktor eller bil, må nokon lage ein lapp der det står at ein får lov til å praktisere det ein kan. At ikkje Gubben kan skrive ut eit slikt traktorsertifikat til femåringen sin, var òg ei gåte. Men då Gamla fortalde at HO har lov å kjøre traktor sjølv om ho IKKJE kan det, vart det for mykje for guten. Og han har kanskje eit poeng.

No i kveldinga ville Eldstejenta gjerne gå tur med si gamle mor for å fortelje om nye eventyr ho hadde opplevd. I mangel på lydbøker er det greitt med ein turkamerat som dette!

5 kommentarer:

  1. Berre sei at tanta også har lov å køyre traktor, og sjå kva reaksjonen vert då! Eg ser det i ånden, begge deler!

    SvarSlett
  2. Ja, det kan du seie! Eg var faktisk inne på tanken om å lære meg å måke tunet med traktor, om ikkje anna. Irriterande å vere avhengig av at nokon andre gjer jobben - blant anna når dei ikkje er heime...

    SvarSlett
  3. Eg får sitere ei nabodame på Melle, då eg spurde kvifor ho ikkje køyrde traktor enda ho hadde både sertifikat og gard."Nei, begynner eg med det, så får eg halde på".Godt poeng.Forresten så fekk ikkje elevane på Velle sykle til skulen før dei hadde "sykkelsertifikat"-så det finst, det også.!

    SvarSlett
  4. Og symaskinsertifikat, noko eg aldri har hatt......

    SvarSlett
  5. Har berre eitt sertifikat eg, men du kan helse Minstemann og seie at til og med mormor har lov å køyre traktor. DÅ svimar han vel av.

    SvarSlett