lørdag 23. mai 2009

Misty sunset and black candles






Seinare fredag gjorde eg som eg har trua med i lengre tid: eg gjekk tur på Helgehornet for å sjå på solnedgangen. Turen er både lett og på alle måtar overkomeleg, og utsikta frå toppen er fantastisk både innover og utover. Eit ganske stort skår i gleda var det at havskodda kom sigande, så solnedgangen vart litt annleis enn forventa, med ei nesten trolsk stemning. Flott var det uansett.

Heime hadde Nummer 2 bandet "Black candles" på overnatting i campingvogna - dei har døgna, og var temmeleg spake ved frokostbordet. For somme av dei er det svært uvanleg.

3 kommentarer:

  1. Nydelige bilde frå Helgehornet. No kan eg sitte her og sjå heilt heim.Skodde er ofte veldig stemningsskapande.Men eg kipte meg litt då eg såg den flate humden+overskrifta.Du forstår vel kva eg tenkte?

    SvarSlett
  2. Haha, ser den, ja! Men så trur eg at overskrifta hadde vore mindre "kryptisk" dersom noko gale hadde skjedd. Håper det ikkje er altfor mykje stemningsskapande skodde hos dykk - her held ho på å lette, og eg er klar for bikini.

    SvarSlett
  3. Her var det strålande sol f.m. og vi tenkte vi skulle grille ute. Men så kom det ei heftig regnbyge, så no driv Rasmus på kjøkkenet. Nils og W.har planta bringebærbuskar og epletre etc, gutane har leika i sjørøverskuta og eg har stort sett lata meg.
    Vi har det bra!

    SvarSlett