tirsdag 26. mai 2009

Live fast, die young...


Sidan eg underviser i både norsk og engelsk i ei klasse på media- og kommunikasjonslinja, har eg no filmhistorie og filmteori som tema i begge faga. Då eg til mi store glede oppdaga dette samantreffet tidlegare i vår, fekk eg ein idé om eit tverrfagleg opplegg der vi ser gamle og nyare filmar med vekt på korleis desse kan sjåast på som ein kommentar til - og eit produkt av - samfunnet dei er blitt til i.

I dag begynte vi å sjå "Rebel Without a Cause". Eg har lese ein del om James Dean i det siste, sett filmen for ørtande gong og spekulert på korleis ein slik film vil bli motteken av dagens ungdom. "Besta" sin generasjon var vel bergtekne av rebellen, medan eg ser han som litt teatralsk og gammalmodig. Filmen er dessutan noko overtydeleg i forklaringa på kvifor dei unge hovudpersonane er så rebelske (foreldra og atomalderen får skulda). Likevel var den nyskapande i si tid - ikkje minst skapte den legenden James Dean.

Elevane er som regel flinke til å opne seg opp for nye/gamle tekstar og filmar, og eg håpar dei får glede og nytte av dette "stuntet". Å sjå film med engelsk tekst og tale er uansett minst like bra som å lese eit stykke i ei bok, slik eg ser det. I alle fall viss læraren har ei meining med det han/ho gjer og legg opp til føre- og etterarbeid, noko eg sjølvsagt har tenkt ut for lengst.

Sjå film i arbeidstida? Eg har verdas kjekkaste jobb!

3 kommentarer:

  1. Berre sei James Dean ...og minnene strøymer på.Då eg såg Øst for Eden første gong, var James Dean alt død.Og vi jentene som då var 16 år, samla oss til kollektiv gråt etter filmen.Men då er vi altså tilbake i 1956 og var ikkje så blaserte som ungdommen er no.Dei andre JD filmane har eg berre sett på TV.I Rotløs ungdom spelar han ein liknane type som i Øst for Eden....
    Bøkene av John Steinbeck har eg lese om att fleire gonger, og dei er gode, sjølv om dei er overtydelige i bodskapen i høve til det som vert skrive i dag.Men når ein skal snakke om James Dean og den helten han vart for mange unge, må ein forstå tida då dette "fenomenet" dukka opp.Ein ung gut som ikkje heilt fiksar i livet i motsetning til alle dei tøffe og flotte fløtepusane som mestra alt.Dette vart visst rotete og usamanhengande,men du kan godt bruke mi historie i undervisninga viss det høver.

    SvarSlett
  2. Eg har forstått det slik at han var død før Rotløs ungdom kom ut òg. Og eg refererte faktisk til at mora mi var fan i sin ungdom, men grunngjevinga tenkte eg kanskje de kunne sjå sjølve først. Samfunnsperspektivet skal stå sentralt i "opplegget" mitt, og 50-talet veit eg ein del om, sjølv om eg ikkje har opplevd det sjølv.

    SvarSlett
  3. Takkar for innspel, forresten!

    SvarSlett