onsdag 6. mai 2009

Fetter på Førti




Eg har ikkje lært meg skikkeleg det der med scanning enno, eller rettare sagt korleis ein klipper vekk kant når ein scannar frå eit albumark... Her er nokre glimt frå Onkel S sin 40-årsdag i 1981. På det øvste biletet ser vi Pappa, Onkel og Mamma ("Besta") (då 41). På det neste biletet ser vi Dagens jubilant (den einaste fotballspelaren i den generasjonen!), LilleMø, meg og Mormor Amanda. Fotball-fetteren fyller altså 40 år i dag, og han og fruen skal feire dagane sine med ei reise til Egypt, etter det eg har forstått. Det gjer dei jammen rett i! Vi gratulerer!

3 kommentarer:

  1. Merkelig, men kvar gong eg ser gamle bilde av Margrete trur eg det er Solveig! Og eg som ikkje trudde at ho hadde forandra seg? Ja, gjev eg hadde vore 40!!!!
    Når eg har scanna bilda og lagra dei,opnar eg dei i bildebehandlingsprogram og skjer dei til slik eg vil.Du har vel eit bildebehandlingsprogram?

    SvarSlett
  2. Javisst har eg det, og Ingeborg har vist meg korleis eg skal gjere det - men hugsa eg det i dag? NEI! Hovudet er fullt!

    SvarSlett
  3. Sjå kor lik Olaug er tanta på omtrent same alder!

    SvarSlett