fredag 15. mai 2009

Beste fane ever!


Med konkurranseinstinktet på høggir stilte eg i dag i raud lue og iste-kartong då klasse 1ST3 sitt taudragarlag skulle marsjere inn i Voldahallen. Og visst vann vi ein knusande siger over alle dei andre, langt mindre kreative og gjennomførte fanane! Bra jobba, elevar! Og jammen har eg ein snodig jobb - tenk, dette har eg teke nesten seks års høgare utdanning for å få vere med på!

Meir om aktivitetsdagen her

4 kommentarer:

  1. Det blir berre verre. Eg avslutta karrieren min som lærar med å ha "vannkrig" med 7.klasse - men så har eg berre 4 år med "høgare" utdanning....

    SvarSlett
  2. Alltid hatt lyst til å klemme en vandrandes iste :-) Grattis me seieren! Men syns du skulle gitt OSS tid i norsktimen elns til å jobbe med fana. Forskjellsbehandling!!

    SvarSlett
  3. Haha, Eppis, eg er ikkje KONTAKTLÆRAREN dykkar! Og elevane var faktisk utruleg sjølvstendige og brukte midttimen/kontaktmøtetida til å lage den fantastisk fine fana.

    SvarSlett