mandag 4. mai 2009

Sesongskifte frå ballett til ball

Vårshowet er over, så no konsentrerer dei to eldste seg mest om fotballen. I kveld har begge spelt kamp, med vekslande resultat. Jentene (Volda) vann 16 - 1 over Bergsøy, og Eldstejenta scora to av måla. Ho seier sjølv at ho hadde fleire sjansar i tillegg, men det veit ikkje eg om det er noko å skryte av. Gutane (Folkestad) tapte 8 - 1 mot Larsnes/Gurskøy, og Nummer 2 stod i mål då halvparten av måla gjekk i nettet. Han er like blid - det er visst kjekt å reise vekk på kamp uansett utfall.

1 kommentar:

  1. Tap og vinn med samme sinn? Er det ikkje det det heiter.Eg synest det viktigaste er å ha det kjekt og å få mosjon.Men sjå på dei vaksne. Fotball er blodig alvor!Det er DET eg ikkje likar med fotballen.

    SvarSlett