søndag 3. mai 2009

Brundalsbanden





Medan Eldstejenta følte for å ha ein roleg dag, og Gamla sat med nasen ned i ein evigvarande stilbunke, tok Gubben med seg dei tre yngste og to av Nabogutane på tur i Brundalen. Der fiska dei kreder og såg på lappegople.

Nabogutane er vane med å vere mykje på setra fordi besteforeldra har hytte der. Det er ingen som kjedar seg eller saknar PS/data, for dei har alltid mykje å finne på. Eg vart heilt misunneleg då eg såg bileta, men slik er det å vere lærar på denne tida av året. I juni, juli og august skal eg derimot nyte mange, lange fridagar - kanskje nokre av dei i solstolen inne på grunna i Brundalsvatnet?

2 kommentarer:

  1. Nummer tre blir vel ei skikkelig tøff jente som veks opp i lag med så mykje gutar? Men det går i rosa! No såg eg at veninna mi rett over vegen var komen i knallrosa T-skjorte i dag.Fint til det grå håret. Kanskje eg skulle hatt med ei også?

    SvarSlett
  2. Nummer 3 har gått mykje i rosa etter at ho begynte på skulen - dei er berre to jenter i klassen, og då må det vere lov å dyrke det femnine ein smule.

    SvarSlett