torsdag 21. mai 2009

Einspora? Moi?


Eg må på det djupaste beklage dei einsformige biletmotiva for tida - eg er temmeleg opphengd i solnedgangar, som dei vaknaste blant dykk truleg har oppdaga. Det er noko eige med å gå/sykle innover Geislida etter endt arbeidsdag, og i dag var eg svært nøgd med meg sjølv etter å ha retta ferdig dei siste tjue heildagsprøvene denne sesongen! Det har vore målet mitt å få nokre dagar rettefri før eksamensbunkane strøymer inn, og no er altså det målet nådd. Fantastisk!

Eit lite skår i gleda er det at Bau faktisk velta meg av sykkelen i kveld, så eg har litt haltande ganglag - noko eg håpar går fort over.

Eldstejenta har vore på fotballtur i Sogndal i dag, Nummer 2 har vore på bandøving, Nummer 3 har hatt besøk av ei venninne og Minstemann har dilta etter dei andre, som vanleg. Gubben har vaska, baka og laga gelé, så i morgon kjem det blogginnlegg om barneselskap. Det er ei veke til Nummer 3 har bursdag, men vi vil også bli ferdige med selskapet hennar før eksamen.

Det er første året mitt som norsksensor, og eg planlegg å melde meg ut av verda så lenge eg sit med sensur. Trimturar har likevel prioritet; det finst ingen betre måte å klarne hovudet på enn å gå tur. Og så treng ein ein nokolunde frisk og rask kropp for å orke mange timar med stillesitjande arbeid.

2 kommentarer:

  1. Bra at du er komen a jour med arbeidet så langt, og lurt å feire 9 -åringen litt på førehand.
    Men ver forsiktig når du syklar med hundane. Er det ikkje tryggare å gå?

    SvarSlett
  2. Tryggare å gå, heilt klart, sjølv om trafikken er forferdeleg til tider. Hadde gått innover der to gongar før i dag, så eg tok meg ein sykkeltur i kveldinga for å få litt avveksling.

    SvarSlett