tirsdag 5. mai 2009

Fotballnytt


Jentelaget vann i dag 6 - 1 over Hasundgot! Eldstejenta scora to av måla.

5 kommentarer:

  1. Flott med flinke fotballspelarar. I dag kom Olaug og fortalde at eg skulle spele på vaksendamelaget mot 6. klassejentene på opninga av Hareidskulen. Trur dei det ligg i slekta? Ikkje mi side eller generasjon rettare sagt!
    Så no lurer eg på om det er usportsleg opptreden å stille i høghela og spele uvitande?

    SvarSlett
  2. Eg skal berre fortelje deg at eg spela på lærarlaget mot elevane då eg var nesten like gammal som du er no.Det er typisk for familien vår å vere "spoty"- i vid forstand.

    SvarSlett
  3. Hahaha, veldig typisk. Sjølv har eg null ballføring, kastar kjeppar til bikkjene i hytt og pine (Bianca gøymer seg når eg plukkar opp ein kjepp)og har eigentleg ikkje særleg konkurranseinstinkt heller, på eigne vegner. Satsar heller på ei svært vid tyding av omgrepet "sporty", sjølv om eg kanskje ikkje er det heller.

    SvarSlett
  4. I dag var eg på kontaktmøte og sa berre i frå om at eg kjem nedom ein liten tur når Olaug spelar, men eg har ikkje tid til å vere der lenge to dagar før konfirmasjon etter full dag på jobb.
    Framfor elevar har eg vore med på ballspel, men med full foreldregruppe? helst ikkje......
    Dessutan sender ein ikkje med ungane slike beskjedar slik at dei vert skuffa.

    SvarSlett