søndag 24. mai 2009

Bok 32 2009: "Anarchy in Åmot" av Sturle Brustad


Å skrive om ein flokk gutar som dannar band på slutten av 1970-talet er ikkje nokon original idé, men denne boka festar seg likevel med eit merkeleg grep. Gutane i bandet "Anarchy in Åmot" er "på utsida", som dei formulerer det sjølve, og då passar det godt å spele punkmusikk. Handlinga er grei nok, men det er først og fremst språket som er innovativt. Brustad bruker blant anna forfriskande språklege bilete, som til dømes "låta var som en vestlandstunnel; lang, mørk og asymmetrisk". Persongalleriet er frodig, som til dømes ordføraren Roger Hvitaker, som aldri let ein sjanse gå frå seg til å spele "The last farewell". Det er debutromanen til forfattaren, og han les sjølv på lydboka, som òg inneheld klipp frå songane som er mykje omtala i boka. Absolutt lesverdig!

6 kommentarer:

  1. Det med klipp frå omtala songar er jo noko vi har etterlyst. Særleg i bøker der songane spelar ei stor rolle som t.d. Frode Grytten si BIKUBESONG.

    SvarSlett
  2. Ja, der var det spesielt irriterande at slike klipp ikkje var lagt inn!

    SvarSlett
  3. Og når ein ikkje kjenner songane blir det temmelig meiningslaust.Men noko av teksten var vel med?? Eg hugsar ikkje så godt.

    SvarSlett
  4. Trur teksten var underforstått, men sjølvsagt med i titlane.

    SvarSlett
  5. Åååå, eg meinte ikkje Bikubesong, men popsongar!!!

    SvarSlett
  6. Min feil! Eg blandar støtt dei to bøkene sidan begge handlar om songar.

    SvarSlett