lørdag 2. mai 2009

Snart klare til konfirmasjon




















I dag stod det frisør på programmet - alle fire barna skulle fjongast opp til neste helg, 17. mai og elles for å sjå nokolunde velstelte ut. Elles handla vi inn siste rest av klede og utstyr til neste helg, og vi var innom biblioteket, der vi lånte ny ladning med vanlege bøker og lydbøker.

9 kommentarer:

  1. Det var synd vi ikkje fekk vere med på denne seansen i år.......Sjølv har eg bestilt time til torsdag kl.12.Tanta kjem torsdag kveld.Så skulle vi også vere klar.Klede har vi! Det blir vel "same procedure as last year" for mitt vedkomande, Nils har nye..Men vi gamle treng vel ikkje å vere så spennande i klesvegen?

    SvarSlett
  2. Gutane her stiller i ROSA skjorte i år - eg åtvarar på førehand!!! Eg fan nokre fine svartstripete, og nokre andre lyseblå, men Nummer 2 skulle få velje, og då blei det rosa. Minstemann var meir skeptisk, men så kom han på at han er rosaruss i år, og då var det greitt.

    SvarSlett
  3. Vi som har bunad slepp å tenke nytt også.
    Fine sveisar! Reknar med minstemann sitt hår vert blondt att!

    SvarSlett
  4. Dei fargeblinde her har panikk for å bli lurt på rosa. Så her vert det kvite skjorter og grå/blå slips.

    SvarSlett
  5. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  6. Det var mange i ulike pastellar på Samtalegudstenesta. Men eg trur ikkje fargar betyr så mykje for dei som har dårleg fargesyn. Det tryggaste vert då kvitt. Det er no reint og fint. Eg let konfirmanten bestemme sjølv.

    SvarSlett
  7. Klart dei skal velje sjølv! Men her i huset er det ein regel at Minstemann skal kleast opp som ei miniutgåve av broren. Så lenge dei finn seg i det, synest eg det er koseleg. Til gjengjeld får då den eldste velje stil. Det same gjeld hårsveis.

    SvarSlett
  8. Eg hadde alle karane like ein gong, det var vel til pappa sin 60-årsdag. Den tida var det ikkje vanleg med dress til gutar.
    No får ein dressar i alle storleikar, svarte helst. Då trengs det litt fargevariasjonar i skjorter og slips!

    SvarSlett