lørdag 16. mai 2009

Gratulerer med dagen, Nevø 4!


I dag fyller ein førsteklasses fyr på Kongsberg sju år! Vi møtest ikkje så ofte på grunn av avstanden, men i sommarferiane plar vi få mange fine dagar ilag. Biletet eg legg ved er frå påska 2007, då vi hadde familietreff her hos oss, og Nevø 4 og Minstemann leika så fint. Same dag (7. april) laga ungane snømann i hagen!

Vi håpar Storebror på Kongsberg får ein fin bursdag og ein kjekk 17. mai i morgon - den første som skulegut!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar