onsdag 30. mars 2011

Fantastisk fin fri-onsdag

Snøen har vore "snakkis" for tida. Folk er heilt frå seg fordi vinteren er så lang. Eg er sjølvsagt ikkje ueinig, men slike dagar som i dag gjer det absolutt ingenting at det ligg snø på markane. Sola har skine frå blå himmel heile dagen, og det har blitt mykje uteliv. Minstemann og eg gjekk lang tur innover fjorden medan vi snakka om ymse dyr eg har hatt. Særleg anekdotane om Nadja, ein Old English Sheepdog som levde 1983 - 1994, slo an. Spesielt historiene om då ho åt mjøl og vart full av lim i ansiktet, og kor ho alltid ville rulle seg i kompost når ho var nybada.

På heimveg stogga vi hos naboen, der gutane kunne stå på snowboard og renne på akebrett i hagen.


Etter ein tur på butikken og ein betre middag (pannekaker) saman med Barnefaren og Veslejenta, skulle ungane på fotballtrening. Eg sat på til Folkestad og gjekk deretter heimatt.

No skal eg ha min første frikveld på lange tider, etter at eg seint tysdag kveld kom ajour i skulearbeidet. Det varer berre til i morgon, for då kjem det nye elevarbeid som skal vurderast...

2 kommentarer:

  1. Sånt er livet;-) Snart eksamen ...
    Snøen no er fin, men han kom for tidleg.

    SvarSlett
  2. Og eg som no har sytt og klaga over at det ikkje er råd å vere ute i dette ekle veret, kva gjorde eg på fineversdagen? Jau, først rydda eg litt i huset, så vaska eg håret etc og så....sat eg på styremøte i pensjonistlaget og skreiv referat i tre timar. Då var eg passe lei, så det vart kjøpepizza til middag.
    Og i kveld har eg skrive referatet på data, og det vart to tettskrivne sider. Føler at eg har JOBBA i dag. Og det er uvant.

    SvarSlett