tirsdag 8. mars 2011

Feitetysdag

Eg likar å feire og halde på tradisjonar. Krembollar på søndag, restar av krembollar på måndag og graut på tysdag - meir tradisjonelt blir det ikkje i desse tider. Og det blir kanskje restar i morgon òg, for mine tre søte små og eg greidde ikkje å ete opp fire porsjonar/personar med graut. Risgrauten var meint å skulle mette to personar, og dei to yngste åt om lag helvta av innhaldet. Rømmegrauten var inndelt i to porsjonsposar, og det vart ein stor porsjon til kvar for Storegut og meg. Vi løyvde ein del.

No må det leggast til at vi ikkje var samla til middag før 21.30. Storegut vart med ein kompis heim etter bandøvinga, og så var det korpsøving. Sjølv tok eg meg ein tur på TREN (og forma er elendig etter ei veke utan jogging) før eg henta Minstemann på SFO. Veslejenta var med ei venninne heim, og så kjørte eg henne på korps. Etter korps kasta vi oss over grauten - og feira dermed både faste og kvinnedag (Hurra for ferdigmat!).

Tradisjonen FASTE er vi meir skeptiske til...

2 kommentarer:

  1. Synest den grautetinga dokka var litt pinglete i dag. Dokke hadde kanskje snopa litt innimylla?

    SvarSlett
  2. Tre av oss hadde ete brennsnut frå søndag tidlegare på ettermiddagen...

    SvarSlett