onsdag 16. mars 2011

Bok 18 2011: "God aften, mitt navn er Cox, Serie 1"

Denne gongen har eg lytta til ei lydbok som kanskje ikkje har den store litterære verdien, men som la gatene folketomme då den gjekk som høyrespel på radioen første gong i 1955. Opptaka forsvann etter ei stund, men høyrespelet vart rekonstruert delvis gjennom private opptak slik at serien kunne gå i reprise fleire gonger før den i nyare tid er komen ut på lydbok. Høyrespelet er ei klassisk krimgåte med litt humoristisk preg, og i vår tid er den ikkje særleg spennande. Det eg har sett pris på, er å få oppleve høyrespelsjangeren og tenkje etter kva verkemiddel som vert nytta og korleis karakterane vert etablerte og skilde frå kvarandre gjennom stemmebruk, skarre-r, plystring eller hosting. Arne Lie spelar rolla som Cox, og det er ikkje vanskeleg å høyre kven professor Drøvel-kommentator Tom Mathisen hermar etter.

1 kommentar:

  1. Hugsar godt då denne serien gikk på radio, men enda betre hugsar eg den første krimserien om Paul Temple. Vi såg fram til laurdagen då vi benka oss framfor radioen.Det var spenning og underhaldning på høgt plan. Og folk, vaksne og born, diskuterte kven i all verda morderen kunne vere. Det var andre tider.....

    SvarSlett