fredag 25. mars 2011

Rattus Norvegicus i Volda Samfunnshus

I dag var det duka for nok ei teaterframsyning midt i skuletida. Stykket handla mykje om integrering og norsk identitet, men igjen fekk elevane servert noko såpass spesielt og eksperimentelt at dei fleste ikkje skjøna så mykje av det heile, men berre såg tre menn som skravla og heiv ølboksar. Eg synest ikkje at stykket var dårleg, men det skaut langt utanfor blink, og varte minst dobbelt så lenge som det burde for å få fram bodskapen. Innhaldet var noko Kafka-aktig, og handla kort fortalt om ein norsk nordmann som stryk på norskkurs fordi han ikkje seier dei rette tinga, ikkje likar fiskebollar og ikkje går på ski.

Kvifor kan ikkje den kulturelle skulesekken tilby tradisjonelt teater, med gripande eller humoristiske historier og utan dei heilt sære verkemidla? Det kunne ha gitt elevane positive teateropplevingar som kunne gi dei meirsmak, og så kunne nokre av dei få sansen for meir eksperimentelt stoff seinare i livet.

Ein av elevane mine sa det slik: "eg skulle før ha sett på tusen særemneframføringar"

2 kommentarer:

  1. Det er synd det skal vere slik! Vi har hatt gode og gripande framsyningar. Eg forstod det hadde vore "meiningslaust" etter det eg las på facebook. Men det er det no mykje som vert kalla for tida.

    SvarSlett
  2. Poenget er at slike gratisframsyningar bør vere tilpassa målgruppa, og det er dei ikkje alltid. Men Bjørnson var verre, for all del.

    SvarSlett