søndag 6. mars 2011

Fastelavn: brennsnut og krembollar



Medan dei tre yngste og Barnefaren var på Reset og Eldstejenta "chilla", hadde eg ein hyggeleg og husmoderleg dag med bollebaking og brennsnutkoking, turgåing og lesing (lydbok og bollebaking er ein ny favoritt). Tanken var å lage ein lett middag før eg serverte krembollane, og brennsnut var god føde for dei som hadde vore ute heile dagen. Fastelavnsbollane plar eg fylle med eit tynt lag jordbærsylte og ei stor skei krem, og så siktar eg litt melis på toppen. Alt saman fall i smak hos gjengen, som var ganske svoltne då dei kom. Det varte ikkje lenge.

4 kommentarer:

  1. Det såg godt og fristande ut! Ikkje mykje bollar her i garden, men svelt gjer vi ikkje.
    Veldig flott at ungane får lære seg å renne slalåm, det er nesten eit must i vår tid.Akkurat når det galdt skisport, var vi veldig dårlige foreldre.

    SvarSlett
  2. Eg lurer på om eg får dei med på Stigedalen meir... Slalåm har aldri freista meg noko særleg, verken i barndom, ungdom eller vaksen alder. Det er derfor ekstra kjekt at Barnefaren tek seg av denne delen av barneoppsedinga. Så kan eg heller ta ansvar for ernæringa...

    SvarSlett
  3. Her vart det, naturleg nok, ikkje fastelavensbollar i år, men vi kjøpte såkalla donuts med vanilkjefyll i staden for hol i midten - ikkje så ulikt smultbollar - og svært gode!

    SvarSlett