mandag 14. mars 2011

Sære emne 2011: frå mesterverk til hovudverk? Eller mageverk?

Så er det den tida på året att - mine 29 håpefulle har levert sine skriftlege mesterverk til vurdering, og eg sit med oppgåver til langt oppetter øyrene. Kaffi må til, og sjokolade i store mengder, og i dag gjekk eg meg ein lang ettermiddagstur i sola før eg sette meg til med bunken att. Frisk luft må til.

Det går sakte. Men sikkert framover. Ein brukar fort eit par timar på å lese, evaluere og skrive vurdering av eit særemne på 10 - 15 tettskrivne sider. I tillegg skal ein undervise, planlegge undervisning og gjere anna arbeid som ein styrer med i den daglege donten på jobb. Vi snakkar altså her om 50 - 60 timar ekstra arbeid i tillegg til vanleg arbeidstid.

Då er det godt å vite at elevane har gjort ein enorm innsats siste tida, og mange av dei har sove lite og tenkt mykje siste par vekene. Ein skuldar dei å ta fordjupingsemna deira på alvor, for dette er det største akademiske produktet dei hittil har skrive. Det fyller ein med ærefrykt å få introdusere dei for denne forma for arbeid, som dei fleste skal få gjere meir enn nok av i løpet av studietida, og å vite at dei om tjue år framleis vil hugse kva dei hadde "særemne" om.

Og eg må innrømme at eg kosar meg litt òg, når eg ser kor flinke dei har vore, og når eg har eit så godt påskot til å ete sjokolade. Eg har verdas beste jobb.

Årets godbitar omfattar:
Tv-seriar: "The Wire", "Dexter", "Band of Brothers", "Seinfeldt"
Forfattarar: Tove Nilsen, Sue Monk Kidd, Astrid Lindgren, Dan Brown, Tore Renberg
Regissør: Frank Darabont
Skodespelar: Tom Hanks
Filmar: Millenniumstrilogien, Sentimentale filmar
Bøker: Tora-trilogien til H. Wassmo, Beatles-trilogien til L. S. Christensen
Adaptasjon: "Krig og Fred", Sherlock Holmes
Emne: Adolf Hitler, Kjønnslemlesting, Autisme, Pearl Harbor, Vampyrar, Barnemishandling, Døden, Kreft, Robin Hood, World of Warcraft

2 kommentarer:

  1. Emna er litt særare, eller i alle fall meir varierte, enn i vår tid. Eg meiner det skulle lesast litteratur då.

    SvarSlett
  2. Ja, dei siste åra har vi opna for fleire sjangrar, og i tillegg opna den nye læreplanen for at ein kan bruke tekstar frå heile verda. Eg har hittil aldri hatt nokon som har skrive om språk, men det er sjølvsagt òg mogleg.

    SvarSlett