tirsdag 15. mars 2011

Mikrokosmos

I mi vesle verd handlar livet om fordjupingsemne, dikttolking, trening, posesuppe, husarbeid og brødbakst. Minstemann og eg har hatt "Kosetysdag" med "Rett-i-koppen"-suppe og peparkaker på menyen hans, nudlar og nybakt grovbrød på min. Vi er eit fredeleg par; han såg tv og eg jobba. Som pause i arbeidet bretta eg klesvask, rydda og støvsuga, og så gav eg litt fagleg assistanse til Eldstejenta via telefon og Facebook. Då tida var inne for det, følgde eg Minstemann opp og las lenge til han i ei bok om spøkelse, vampyrar og denslags. etter ei stund sette eg på lydbok til han, og så gjekk eg ned og støvsuga meir, før eg såg "Frustrerte fruer" og slappa godt av i godstolen.

Etter favorittserien skifta eg over til nyheitskanalen, og bileta frå Japan slo mot meg. Etter dramatiske døgn med frykt for nye jordskjelv og tsunamiar, er det no atomutslepp og radioaktiv stråling som truar landet. I bloggande stund seier nyheitsopplesaren at ein har fått stadfesta at det brenn i ein atomreaktor.

Kontrastane er enorme vanlegvis òg, mellom livet her og livet i Japan, men no er det heilt umogleg å tenkje seg korleis det er å vere i ein så dramatisk situasjon. Eg ser på filmklippa frå tsunamien og ristar på hovudet - det er som om eg ikkje vil la det gå heilt innpå meg. Einskildmenneska står fram med historiene sine, og det er mildt sagt ufatteleg kva dei gjennomgår.

Nyheitssendinga tek slutt, og det blir vêrmelding.

Skal tru om det blir sol i morgon, og om det blir skidag på torsdag?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar