lørdag 5. mars 2011

Bok 16 2011: "Skygge" av Karin Alvtegen

Vaskelappen på omslaget av boka lovar psykologisk krim, men i mine auge er dette meir ei oppklaring av ei gåte, utan særleg store overraskingar, om eg må vere så frekk. Etter kvart som ting skjedde i boka, gissa eg neste trekk og moglege forklaringar.

Handlinga dreiar seg rundt ein nobelprisvinnar i litteratur og familien hans, og det er løyndomane i denne familien som vert avslørte undervegs i romanen, utløyst av at den gamle hushalderska døyr og testamenterer alt ho eig til ein ukjend, ung mann.

Eg er ikkje heilt samd med meg sjølv i kva eg synest om boka, for trass i at eg gissa kva avsløringane kom til å dreie seg om, vart det ikkje keisamt. Forfattaren evnar å skape karakterar som ein festar seg ved, og det er alltid eit kvalitetsteikn, sjølv om dei i denne boka er temmeleg stereotype. Eit stadig skifte av synsvinkel kan verke forvirrande, men det skaper samtidig nærleik til personane. Først og fremst er komposisjonen god, og det er eg alltid svak for. Den gradvise oppklaringa skjer på ein svært elegant måte, men også her finn ein klisjéar til dømes i bruken av brev og dagbøker for å få fram stemningar frå fortida.

Konklusjon: lett og hyggeleg lesestoff, men ikkje den heilt store leseopplevinga.

5 kommentarer:

  1. Eg har sett denne boka på biblio og trudde eg hadde lese den, men det har eg visst ikkje.Elles vil eg bemerke at dine bokmeldingar er vesentlig meir proffe enn mine.

    SvarSlett
  2. Dei andre bøkene hennar er absolutt betre! Denne har eg faktisk lese to gongar, ikkje pga stor interesse, men dårleg hukommelse...

    Eva

    SvarSlett
  3. Utvalet i lydbøker er ikkje så stort som ein skulle ønske, og dette var den einaste romanen biblioteket hadde inne av denne forfattaren, som forresten er dotterdotter av broren til Astrid Lindgren.

    SvarSlett
  4. Ikkje godt å hugse kva ein har lese når alle boktitlane hennar inneheld eitt ord-som til overmål tek til med S.

    SvarSlett
  5. Eg vart og skuffa over denne. Dei andre nhar eg likt.
    http://solveigsiside.blogspot.com/2010/12/bok-57-kanskje-det-er-berre-eg.html

    SvarSlett