onsdag 2. mars 2011

Bok 15 2011: "Sort messe" av John Dickson Carr

For nokre dagar sidan hadde vi ein samtale på jobb om radioteater og høyrespel som sjanger, og det inspirerte meg til å låne denne lydboka på biblioteket. Innspelinga er ein radio-klassikar som inneheld det meste av grøss og gru. Finst det spøkelse, eller kan alt ha ei naturleg forklaring? Ein kan begynne å lure, når eit menneske døyr og liket forsvinn frå kista, når ei kvinne går gjennom ei dør som ikkje finst og når ein død mann plutseleg sit lys levande og gyngar i ein gyngestol...

Kjende skodespelarar som Nils Ole Oftebro, Lise Fjeldstad og Anne Marie Ottersen er med, og gruppa "Rain" har laga stemningsskapande musikk.

Apropos musikk: eg har for vane å somne medan eg høyrer lydbok på senga. I går kveld vakna eg med eit rykk av ei heftig, nesten krakilsk, cembalo-speling då første episode av høyrespelet var slutt. Resten av boka "las" eg medan eg gjekk tur i sola i dag.

1 kommentar:

  1. Høyrespel er greitt nok på dagtid, men kan vere skremmande om natta -når musikken set i for fullt. Eller om nokon skulle finne på å plystre..............

    SvarSlett