mandag 28. mars 2011

"Besta" 71 år

Ingen har nokon gong kalla henne "Besta" før ho starta bloggen sin, men no har ho blitt til "Blogge-Besta. Spesielt etter at ho vart lokalkjendis på grunn av bokblogginga si.

Elevane mine synest av og til det er rart at eg, i min alder, er på facebook. Då plar eg seie at det er mor mi òg.

Det er med andre ord ein høgst oppegåande og moderne pensjonist det her er snakk om, som les og orienterer seg om mangt og mykje (men ikkje sport). Vi har mange gode diskusjonar, og vi set ofte pris på det same og har like synspunkt. Eg likar å tru at det er ho som er ungdommeleg.

Gratulerer med dagen!

2 kommentarer:

  1. Takk for gratulasjonen. Ja, det er klart eg er ein oppegåande pensjo-i likheit med mange, mange andre på 70 +. Det var i gamle dagar folk var gamle når dei bikka 70.Eg har mange FB venner på min eigen alder-men flest yngre, det må eg innrømme.
    Ein ung svenske som var her og skulle ta opp bestilling på Tussa fiber, såg rart på meg då FB kom på tale." Synest du det er rart at eg er på FB," spurde eg. "Jaaa", sa han.Blir ikkje noko feiring her i dag.

    SvarSlett
  2. Vi i nr 14 gratulerer med dagen!

    SvarSlett