I dag begynte eg med lesing av fordjupingsemne rett etter frokost. Etter kvart vart det henting av Eldstejenta på kaia og ballj til familiemiddag. Det var tid for korpsbasar på Straumshamn, så halve familien måtte iføre seg uniform før vi sette av garde til grendahuset. Nokre gevinstar greidde vi å dra i land i dag òg, blant anna vann Storegut eit Barbie-memospel der kunsten er å hugse ulike antrekk... No driv han og testar ut sin nye mikrofon og el-gitaren på loftet, så eg trur eg droppar meir skulearbeid i dag.
Kjekt å vinne på basar, uansett. Alle er vi vel så barnslige at vi synest det.Greitt å få vite kva de hadde til middag i dag, så vi ikkje kjem med det samme i morgon.
SvarSlettNesten uansett vil eg tru? Frøkner på same alder vil nok like gevinsten.
SvarSlettVeslejenta spelar aleine, for å seie det slik.
SvarSlett