lørdag 12. mars 2011

Atlanterhavsparken ved Ålesund

I dag var vêrmeldingane mildt sagt varierande - ein kunne vente seg alt frå strålande sol og vindstille til regn og storm, og det faktiske vêret vart noko midt imellom. Nokon skitur var det derfor ikkje særleg freistande å legge ut på, og vi sette oss i staden i bilen og kjørte til Ålesund. Der hadde vi ein hyggeleg dag på det som på folkemunne vert omtala som "akvariet", men som sjølvsagt er meir enn berre ei fiskesamling. Vi fekk klappe og mate fiskar, fiske krabbar og beundre både fiskar og fuglar.

Sidan det berre kosta meg to hundre kroner ekstra, vart det til at eg kjøpte årskort for familien (Eldstejenta var for gammal til å passere som barn, så ho får framleis løyse billett). Det kan dermed bli fleire turar til Atlanterhavsparken, gjerne kombinert med andre attraksjonar i området. Ingen andre museum var opne i dag, men etter 1. mai opnar "Sunnmøre Museum" i helgane. Ålesund er ein vakker by med mange interessante stader i nærleiken, men vêret var ikkje så freistande å gå på byvandring i.

1 kommentar:

  1. Vi har "ærend" på Sunnmøre museum, så dit skal vi i vår. Elles har eg ikkje vore på Fjellstua. Attraksjonane i næraste by ...
    Akvariet har skulen tatt ungane med på.

    SvarSlett